Bli med på Sykkel-VM på Svingen!

I perioden 5. til 30. oktober inviterer vi til vårt eige Sykkel-VM på Svingen!

Eldre som sykler. Grønt gras i forgrunnen - Klikk for stort bilete Pixabay

Gjennom ei ny digital sykkelløysing får du moglegheit til å oppleve spennande sykkelturar frå både nærområdet og resten av verda, utan å forlate huset. Har du drøymt om å sykle Flåmsdalsvegen, utforske Senja eller til turen heilt til Taj Mahal? No har du sjansen! Vi har òg fleire lokale ruter for deg som ønskjer å oppleve kjende omgjevnader frå sykkelsetet.

Syklinga går føre seg innandørs på Svingen, og det blir lagt til rette for at alle kan delta ut frå eigne føresetnader. Målet er ikkje å sykle lengst eller raskast, men å skape aktivitet, meistring, fellesskap og gode opplevingar.

Når: 5.–30. oktober
Tid: Kvardagar kl. 11.30–12.30

Det er mogleg å kome innom både for å sykle og for å heie fram deltakarane. Vi håpar mange vil vere med og bidra til ei kjekk og aktiv VM-stemning gjennom heile oktober!