Bli med på Ti på topp 2023

Tradisjonen tru opnar vi Ti på topp-sesongen til påske. Sjå kvar du får kjøpt kart og klippekort  og sjekk lista over turmål!

Bjørnar Eikenes med ei Ti på topp-klype  - Klikk for stort bileteProsjektleiar Bjørnar Eikenes med gode hjelparar har plassert ut klypene og ønsker alle lykke til! Svein Arne Orvik

Målet med tiltaket Ti på topp er å få flest mogleg ut på tur i Herøy-naturen. Årets sesong opnar 1. april.

Slik fungerer det

Først kjøper du ein konvolutt som inneheld klippekort, ei grundig forklaring til turane og eit kart.

Turane er tilpassa ulike målgrupper. Nokre turar er lette, andre meir krevjande.  

På kvar topp finn du ei klype som du brukar til å sette merke på klippekortet. 

Alle klypene er no på plass. Oppdagar du i løpet av sesongen at ei klype har blitt vekke? Ta i så fall kontakt med prosjektleiaren. Kontaktinformasjonen finn du på denne sida. 

Til slutt leverer du inn klippekortet – seinast 20. oktober på servicetorget på Herøy rådhus. 

Premiering

Dei tre første åra du fullfører, får du bronsemedalje. Dei tre neste åra får du sølvmedalje og dei tre påfølgande åra gullmedalje. Fullfører du ti år, får du pokal. 

Deretter får du nye medaljar for kvart år du fullfører. Og fullfører du tjue år, får du ein ny – og større – pokal! 

Her får du kjøpt konvolutt

Frå laurdag 1. april kan du kjøpe konvolutt her:

  • Intersport Fosnavåg
  • Handelshuset, Joker på Nerlandsøya
  • Coop på Moltu
  • YX på Eggesbønes
  • Kiwi Myrvåg
  • servicetorget på Herøy rådhus

Toppane i 2023

1 A

Muletua, Kvalsvika

1 B

Mulevika  fjøretur, Kvalsvika

2 A

Storevarden, Nerlandsøy

2 B

Teigetua, Nerlandsøya

3 A

Hornseten, Bergsøya

3 B

Heid tursti, Bergsøya

4 A

Leinehornet, Leinøy

4 B

Monsterbakken, Heid tursti, Bergsøya

5 A

Skåla, Sandvika/Tjørvåg

5 B

Skaret, Gurskøya

6 A

Kammen, Remøya

6 B

Herøy Gard, Notøya

7 A

Heida, Leikong

7 B

Dynamittskuret, Leikong

8 A

Lundeura, Goksøyra

8 B

Måganeset, Runde

9 A

Vardeheida, Leinøy

9 B

Svartevatnet, Leinøy

10 A

Hidsegga, Moltu

10 B

Kvia, Moltu

11 A

Rambjøra, Dragsund

11 B

Lysløypa,  Leikong

12 A

Storehanen, Moltu

12 B

Mørkevatnet, Moltu

PS: På kartet står det 2018, men det gjeld for 2023. 

A- og B-turar

Her ser du kva turar som passar for ulike målgrupper, og kor mange klipp/turar du treng for å ha fullført årets Ti på topp: 

  • 012 år: B (5 klipp/turar  kortet må merkast med alder) 
  • 1369 år: A (10 klipp/turar) 
  • 70+ år: B (5 klipp/turar  kortet kan merkast med alder) 
  • Personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar

Har du helseplager (skal ikkje dokumenterast), kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere dei med A-turar. 

Det viktigaste er at du får oppleve gleda ved å kome deg ut. 

Vi ønsker deg eit flott turår! 

Les meir om bakgrunnen for Ti på topp.

Kontaktinformasjon

Bjørnar Eikenes, prosjektleiar

Telefon: 94 79 41 00 (dagtid på kvardagar) 

E-post: bjornar.eikenes@heroy.kommune.no