Les meir om Ti på topp 2026.
Herøy 10 på topp er eit aktivitetsfremjande tiltak som kom inn i kommuneplanen sin samfunnsdel i 2002. Målet er å få flest mogleg ut på tur i Herøy-naturen. Tiltaket har vore arrangert kvart år sidan starten.
Om ordninga
Kvart år vert det plukka ut 12 toppar for vaksne (A-turar) og 12 turar for born under 13 år, og eldre over 70 år (B-turar). Det vert laga klippekort, turbeskrivelse og eit enkelt kart. På toppane finn du ei klype der du får merka kortet ditt. Du må gå minimum 10 toppar/turar for å få premie.
Sal og varigheit
Klippekort, turbeskrivelse og kart vert selde fleire stadar i kommunen. Konvoluttane skal vere klar til påske kvart år og tida du har til å fullføre er fram til 20 oktober.
Dette gjer du når du er ferdig med alle turane
Har du gått alle 10 toppane/ turane leverer du inn kortet ditt til Herøy kommune.
Informasjon
Det vert lagt ut informasjon om 10 på topp på Herøy kommune si heimeside og Facebook når noko er nytt.