Bli med på Ti på topp 2024

28. mars (skjertorsdag) er Ti på topp-turmåla klare til bruk. Klippekortet får du kjøpt frå 26. mars. Sjekk lista over toppar!

Bjørnar Eikenes med ei Ti på topp-klype  - Klikk for stort bileteProsjektleiar Bjørnar Eikenes ønsker alle lykke til med årets Ti på topp! Svein Arne Orvik

Målet med tiltaket Ti på topp er å få flest mogleg ut på tur. Årets sesong opnar 28. mars, då skal alle toppane ha fått klyper.

Slik fungerer Ti på topp

Først kjøper du ein konvolutt som inneheld klippekort, eit kart og ei grundig forklaring til turane. Prisen er 100 kroner.

Turane er tilpassa ulike målgrupper. Nokre turar er lette, andre meir krevjande.  

På kvar topp finn du ei klype som du brukar til å sette merke på klippekortet. 

Kjem du over ein topp der klypa har blitt vekke? Ta i så fall kontakt med prosjektleiar Bjørnar Eikenes. Kontaktinformasjonen finn du nedst på denne sida. 

Til slutt leverer du inn klippekortet – seinast 20. oktober på servicetorget på Herøy rådhus.

Og premiane? Dei kan du lese om nedanfor.

Her får du kjøpt konvolutten du treng

Frå klokka 16.00 tysdag 26. mars kan du kjøpe konvolutten med kart, klippekort og turforklaring for 100 kroner.

Her kjøper du konvolutten:

  • YX på Eggesbønes
  • Kiwi Myrvåg
  • servicetorget på Herøy rådhus (Onsdag 27. mars er servicetorget ope klokka 09.00–12.00. Elles er det ope 09.00–15.00 på kvardagar.)

Toppane i 2024

1 A

Kammen

1 B

Hornseten

2 A

Vardane/
Linken

2 B

Herøy gard

3 A

Sollia

3 B

Mørkevatnet

4 A

Hidsegga

4 B

Skaret

5 A

Storevarden

5 B

Teigetua

6 A

Skåla

6 B

Heid tursti, 
gapahuken

7 A

Muletua

7 B

Mulevika

8 A

Børa

8 B

Kvia

9 A

Vardeheida

9 B

Svartevatnet

10 A

Gyrinakken

10 B

Dynamitt-
skuret på
Leikong

11 A

Huldre-
hornet

11 B

Lysløypa på 
Leikong

12 A

Øyrahornet

12 B

Djupvik-
vatnet

A- og B-turar

Her ser du kva turar som passar for ulike målgrupper. 

I parentesane står det kor mange klipp/turar du treng for å ha fullført årets Ti på topp: 

  • 0–12 år: B (5 klipp/turar – kortet må merkast med alder) 
  • 13–69 år: A (10 klipp/turar) 
  • 70+ år: B (5 klipp/turar – kortet kan merkast med alder) 
  • personar med nedsett funksjonsevne: 5 klipp/turar

Har du helseplager (skal ikkje dokumenterast), kan du sjølv vurdere å gå B-turar, eller kombinere dei med A-turar. 

Det viktigaste er at du får oppleve gleda ved å kome deg ut. 

Vi ønsker deg eit flott turår! 

Les meir om bakgrunnen for Ti på topp.

Premiering

Dei tre første åra du fullfører, får du bronsemedalje. Dei tre neste åra får du sølvmedalje og dei tre påfølgande åra gullmedalje. Fullfører du ti år, får du pokal. 

Deretter får du nye medaljar for kvart år du fullfører. Og fullfører du tjue år, får du ein ny – og større – pokal! 

Kontaktinformasjon

Bjørnar Eikenes, prosjektleiar

Telefon: 94 79 41 00 (dagtid på kvardagar) 

E-post: bjornar.eikenes@heroy.kommune.no