Bli med som støttekontakt

Vi treng fleire støttekontakter som kan bidra til meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapeleg hjelp og rådgjeving.

To menn pratar saman på ein benk. - Klikk for stort bilete Adobe Stock.

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.

Støttekontakta tilbyr også følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på dine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta.

Hjelpa frå støttekontaktene kan vere med på å bidra til at dei som har tenesta kan bu lenger heime.

Betalt arbeid

Støttekontakt er eit oppdrag du får timebetalt for og du får også dekka ei individuelt tilpassa kilometergodtgjerdsle.

Slik blir du støttekontakt

Ønskjer du å arbeide som støttekontakt kan du registrere deg her.

Sjå film her

I Herøy er støttekontaktordninga organisert med utgangspunkt i kvifor du treng støttekontakt, med ulike kontaktpersonar:

  • Rita Remøy: Sakshandsamar Bu- og habilitering

rita.remoy@heroy.kommune.no - tlf: 91 82 78 64

  • May Gunn Ertesvåg: Fagleiar psykisk helse og rus

may.gunn.ertesvag@heroy.kommune.no - tlf: 48 12 26 37

  • Camilla Kvalsvik Aksnes: Fagkonsulent pleie og omsorg

camilla.kvalsvik.aksnes@heroy.kommune.no - tlf: 99 22 99 82