Svein Arne Orvik
Ho kjem frå stillinga som prosjektleiar for BTS (betre tverrfagleg samhandling) og folkehelsekoordinator i kommunen.
– Det er skikkeleg stas å få vere med på å forme eit heilt nytt tilbod. Eg gler meg til vi er i gang med dei ulike aktivitetane på Svingen, seier den nytilsette daglege leiaren.
Stokset er utdanna i folkehelse med vekt på helsefremmande og førebyggande arbeid. Ho har også utdanning innan interkulturell kommunikasjon. Stokset jobba som folkehelsekoordinator i Hareid kommune før ho byrja i Herøy.
– Eg er svært nøgd med at vi får ein dagleg leiar med denne faglege bakgrunnen, både når det gjeld utdanning og erfaring. I tillegg er Monica Torvik Stokset ein person som skapar gode relasjonar til alle rundt seg, seier Gro-Anette Frøystad Voldsund, kommunalsjef for helse og omsorg.
Inkludere fleire
Svingen blir etablert på Eggesbønes som ein møtestad for menneske i ulike aldersgrupper og med ulike diagnosar. Satsinga vil blant anna inkludere fleire i arbeidslivet.
På Svingen samlar vi dagtilbod som allereie finst – og legg til nokre nye. Tilboda vil femne om
- småjobbsentral
- lærings- og meistringsgrupper
- kafe alle kvardagar
- friskliv
- sanserom
- råd og rettleiing
– No i første omgang handlar det om alt som må vere på plass før opninga, seier Stokset.
Det var i budsjettet for 2024 at kommunestyret vedtok å etablere Svingen.
Høgt i kurs
Den nytilsette leiaren bur på Leinane saman med mann og to barn.
– Mykje av fritida går med til å følge opp barna. Men fjellturar – gjerne ein luftig ein – står også høgt i kurs, fortel Stokset.