Skaper nytt dagaktivitetstilbod med kafe på Eggesbønes

Kommunen har no skrive under avtalen om å kjøpe første etasjen i Svingen 8.

ordførar Tine Storøy og Kurt Fylling i Fylling Eigedom. - Klikk for stort bileteOrdførar Tine Storøy og Kurt Fylling i Fylling Eigedom. Tor Halvar Botnen

I budsjettet for 2024 vedtok kommunestyret å lage eit nytt dagaktivitetstilbod i Svingen på Eggesbønes.

Torsdag skreiv ordføraren under avtalen om å kjøpe lokala av Fylling Eiendom.

Svingen blir ein møtestad med tilbod om aktivitetar for folk med ulike diagnosar – og ulike aldersgrupper.

Ved Svingen vil vi både samle nokre av dei dagtilboda som allereie finst – og legge til nokre nye. Ei av nyheitene blir ein kafe som skal vere open alle kvardagar.

Andre tilbod blir 

  • lærings- og meistringsgrupper
  • friskliv
  • sanserom
  • småjobbsentral
  • råd og rettleiing

Satsinga vil blant anna bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet.

kart som viser kvar adressa Svingen 8 er - Klikk for stort bileteHer er Svingen 8. skjermdump