Bossdunkar på plass etter initiativ frå innbyggar

Ved gangvegen mellom Herøy vidaregåande og Spar er det kome på plass to bossdunkar.

to menn plasserer ut ein bossdunk - Klikk for stort bileteAnleggs- og driftsavdelinga plasserer ut dunkane ved den mykje brukte gangvegen. Tine Storøy

Det skjer etter at ein innbyggar tok kontakt med ordførar Tine Storøy, som tok saka vidare. Og no har anleggs- og driftsavdelinga sett ut dunkane.

Vi takkar innbyggaren for det fine initiativet!