Brannvesenet ber pårørande teste røykvarslaren til eldre

Personar over 70 år har nesten fire gonger høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Likevel har dei fleste med eldre pårørande aldri hjelpt dei med å teste røykvarslaren, viser ei ny undersøking. På Røykvarslar-dagen 1. desember ber Herøy brann og redning folk sjekke røykvarslarane, både heime hjå seg sjølve og hjå dei dei er glade i.

Brannsjefen viser fram ein røykvarslar - Klikk for stort bilete Lene Utseth

Nedsett høyrsel, redusert rørsleevne og det å bu åleine aukar risikoen for å omkome i brann, og slike risikofaktorar blir vanlegare med alderen. Difor er det avgjerande at brann blir oppdaga tidleg, og at røykvarslaren verkar. 

Undersøkinga, som er gjennomført av Respons Analyse for kampanjen, viser at 69 prosent av dei som har eldre pårørande, aldri har hjelpt til med å teste røykvarslaren. Samstundes er 91 prosent trygge på at han vil varsle dersom det tek til å brenne. 

– Det er urovekkjande at så mange er trygge på at røykvarslaren hjå eldre nærståande fungerer, samstundes som dei ikkje veit når han sist vart testa. Vi veit at halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader utan ein fungerande røykvarslar. Det understrekar kor viktig det er å teste røykvarslaren jamleg, seier brannsjef Frank Steinsvik. 

Varslaren må verke 

Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er det ikkje registrert fungerande røykvarslar i over halvparten av dødsbrannane i Noreg. Medianalderen blant dei som omkjem i brann, er 63 år. 

I fjor rykte Herøy brann og redning ut til 4 bustadbrannar. 

– Mange bustader har for få røykvarslarar. Du skal høyre alarmen der du søv, også med lukka dør. Test alle varslarane, og sjå samstundes om det er behov for fleire, seier Steinsvik. 

Slik testar du røykvarslaren 

  • Hald testknappen inne i nokre sekund. Røykvarslaren skal pipe.
  • Dersom han ikkje pip, byter du batteri og testar på nytt.
  • Dersom han framleis ikkje pip, byter du røykvarslaren.
  • Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Er røykvarslaren meir enn ti år gammal, bør du byte han ut. 

 

Det blir tilrådd å ha røykvarslarar: 

  • på kvart soverom, i stova og andre opphaldsrom
  • i gangen og i trappa
  • i rom med sikringsskap, varmtvasstank, fyringsanlegg eller batteri 

Alle røykvarslarar bør vere seriekopla. Når éin pip, pip alle. Det gir deg meir tid til å kome deg ut, særleg dersom bustaden har fleire rom og etasjar. 

Om Røykvarslar-dagen

Røykvarslar-dagen blir markert kvart år 1. desember og har eksistert sidan 2003. Kampanjen er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, DSB, Gjensidige, brannvesenet og Det lokale eltilsyn (DLE). 

Les om røykvaseldagen på roykvarslerdagen.no. 

Fakta om undersøkinga

Undersøkinga er gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå Røykvarslar-dagen (Brannvernforeningen, DSB og Gjensidige) i perioden 3.–10. november 2026. Totalt deltok 1 021 personar over 18 år. Av desse opplyste 470 at dei har foreldre eller andre pårørande som er 67 år eller eldre og bur i eigen bustad. Resultata om pårørande byggjer på svara frå denne gruppa.

Bjørnis viser fra, røykvarslat - Klikk for stort bileteBjørnis synast det er viktig med røykvarslar Lene Utseth