Brukarutvalet for pleie og omsorg 2026–2027
Brukarutvalet for pleie og omsorg skal vere ei viktig stemme for brukarar og pårørande. Utvalet arbeider for å medverke til gode, trygge og framtidsretta tenester, og er ein arena der erfaringar og synspunkt frå brukarar og pårørande kan løftast fram.
Brukarutval for pleie og omsorg
Gry Dragsund-Vike
Brukarutvalet for perioden 2026–2027 består av:
- Adelaide Kvalsvik, leiar
- Greta Berntzen, medlem
- Frode Ryssevik, medlem
Brukarutvalet kan ta opp saker som gjeld:
- kvalitet i tenestene
- utforming og utvikling av tilbodet
- tenestenivå og brukaropplevingar
- forslag til forbetringar og kvalitetsutvikling
Målet er å bidra til at pleie- og omsorgstenestene blir best mogleg for dei som nyttar dei.
Vi ønskjer gjerne fleire medlemmar i brukarutvalet. For å bli medlem må du vere brukar av tenestene eller pårørande til ein brukar. Har du engasjement for gode helse- og omsorgstenester og ønskjer å vere med og påverke utviklinga, er du hjarteleg velkomen til å melde di interesse.
Saman kan vi bidra til endå betre pleie- og omsorgstenester for innbyggjarane våre.
Publisert 07.10.2026 11:43
Sist endra 07.10.2026 11:47