Bu i Herøy og få avskriving på studielån

Bur du i Herøy kan du søkje om å få avskriving på studielån. Herøy er ein av kommunane som du finn i klasse 5.

Ung mann ved datamaskinen - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kva er kommunegruppe 5

Kjenneteikn på kommuner i kommunegruppe 5 er:

Små kommunar (under 10 000 innbyggjarar)

Høge bundne kostnader per innbyggjar

Middels frie disponible inntekter

Den nye ordninga for distriktskommunar:

Den nye ordninga for gjeldslette i distriktskommunar inneber at:

  • du som bur i desse kommunane kan søke om å få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda kvart år.
  • det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta utdanningsgjeld.
  • gjeld frå utdanning og opplæring som er teke, på alle nivå, kan slettast (inkludert folkehøgskule, grunnskule og vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning).
  • du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søker om gjeldslette.
  • du må ha budd i ein av kommunane som er med i ordninga i minst eitt år før du søker om å få sletta utdanningsgjeld.


Korleis søke om sletting

Bur du i Herøy kan du få slette studiegjeld, men du må levere søknad om dette til Statens Lånekasse. På Lånekassa sine nettsider finn du informasjon og søknadsskjema.