BUP Volda har flytta til Hamna 20

Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP Volda) har fått nye lokale. BUP Volda dekker kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta.

ei dør det det står Helse Møre og Romsdal psysisk helsevern for barn og unge (BUP Volda) - Klikk for stort bilete BUP Volda

BUP Volda har flytta inn i flunkande nye og moderne lokaler i Hamna 20. Etter mange år i eit bygg på oppsida av Volda sjukehus, har poliklinikken no teke i bruk andre og tredje etasje i Hamna 20. Volda kommune eig dette bygget og har brukt lang tid på å setje huset i stand til sine nye leigetakarane frå Helse Møre og Romsdal. Frå før av husar bygget DPS ambulant avdeling.

 

Frå historiske «Sætra» til moderne Hamna

Dei gamle lokala til BUP Volda har ei lang historie. Bygget vart oppført på 1950-talet og fungerte opphavleg som internat og bustadbygg for sjukepleiarar. På  folkemunne vart desse lokala kalla «Søsterhjemmet» eller «Sætra». Måndag 2. november gjekk flyttelasset til Hamna 20. Med god hjelp frå eit flyttebyrå, og ein solid rydde- og pakkeinnsats frå dei tilsette, har BUP lagt bak seg ein omfattande flytteprosess. Dei er no klare til å ta imot barn og ungdom i heilt nye rammer.

 

Inviterer til markering

I samband med flyttinga ønskjer BUP Volda å vise fram dei nye lokala for omverda. Det vert difor arrangert eit ope arrangement der dørene vert opna for både samarbeidspartnarar, tidlegare tilsette og andre interesserte måndag 16. november kl. 12.00 – 14.00.

Vi håper BUP sine mange samarbeidspartnarar i regionen som barnehagar, skular, PPT, helsestasjonar, barnevern, kommunepsykologar, NAV, Furene og dei kommunale helse- og omsorgstenestene stikk innom. BUP Volda ser fram til ein uformell kikk på lokala og ein hyggeleg prat med dei som tek turen.