Bur du på ein gard, og ønsker å vite meir om moglegheitene for å utvikle garden din - Herøy kommune

Bur du på ein gard, og ønsker å vite meir om moglegheitene for å utvikle garden din

Over 135 deltakarar fekk med seg første runde av Garden som ressurs. No arrangerer hoppid-kontora i Hareid, Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven, i samarbeid med Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum, møte nummer to. Her får du meir inspirasjon, motivasjon og kunnskap.

Du får høyre meir om satsingane til:

  • Mats Jøsok Kvalsvik
  • Eileen Brandal og Margrethe Hareide Garnes
  • Lisa Mari Breivik Anderson
  • Harald Strømmegjerde

 

Byggesakshandsamar Arild Støylen i Ulstein kommune vil forklare kva du bør vere merksam på dersom du treng bruksendring.

Og kanskje får vi også ein prat med nokre kokkar om kva som skal til for at dei kan bruke meir lokale råvarer i restaurantane sine.

Møtet blir halde på Tampenbuda på Hareid 8. april kl. 18.00–20.30. Det er gratis å delta, men vi treng påmelding for å bestille mat.
Påmelding via lenke: https://forms.cloud.microsoft/e/jjx6N5SCtT

Vel møtt! 

Garden som ressurs - Klikk for stort bilete Landbrukskontoret