Bygger kai i Fosnavåg næringspark
Vi har signert avtale med entreprenør A. Vaage AS om bygging av kai. Byggearbeidet startar i januar.
Frå venstre: prosjektleiar Runar Olsen og dagleg leiar Askjell Vaage i A. Våge AS, ordførar Tine Storøy, avdelingsleiar for anlegg og drift Fred Arnesen.
Svein Arne Orvik
Kaia er på 18 x 50 meter, der kaifronten er 50 meter. Minimumsdjupna framfør kaia er 10 meter.
Kaia er offentleg. Fosnot har kjøpt tomta som grensar til kaia. Fosnot skal i tillegg kjøpe eit område på den bakre delen av kaia, der dei skal bygge næringsbygg.
Arbeidet skal etter planen ferdigstillast på hausten.
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 06.01.2025 10:33
Sist endra 06.01.2025 10:34