Delte ut hjarter ved rådhuset

Ein del av russegruppa ved Trollia barnehage var på besøk ved rådhuset måndag. Det vart delt ut hjarter med teksta «glad i deg». Både kommunedirektøren og ordføraren fekk hjarte.

Eit av hjarta som vart delt ut ved rådhuset. - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Kva symboliserer hjartet? 

Hjartet symboliserer verdensdagen for psykisk helse, og at barnehagen denne veka (veke 43) har venneveke. Alle skal vere ein venn, sjå til kvarandre og hjelpe ein venn som treng det.

Kommunedirektøret saman med russegruppa. - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø
Ordføraren saman med russegruppa - Klikk for stort bilete Marit Sævik Leinebø

Rosa-russen i Trollia barnehage hadde seg ein skikkeleg tur i Fosnavåg og delte ut mange hjarter. Dei ønskte alle ein fin dag.