Den beste måten å unngå skogbrannar på, er å hindre at dei oppstår!

Ein skogbrann kan få store konsekvensar, og det er noko vi alle ønskjer å unngå.

Brann ned imot hus - Klikk for stort bilete Lene Utseth

Brannar startar alltid i det små, og årsaka kan vere så enkel som glas som ligg att i naturen, sigarettsneipar eller gneistar frå grillen. Dersom brannen blir oppdaga tidleg, er det som oftast enkelt å sløkkje han. Får han derimot tid til å utvikle seg, kan han skape store utfordringar for mange.

Hugs at elden din er ditt ansvar!

Gode råd for å verne både deg sjølv og andre mot skogbrann er å unngå tennkjelder, særleg open eld, og å vere observant og ansvarleg når du ferdast i naturen.

Dersom det oppstår skogbrann, finst det nokre tiltak som kan bidra til å redde hus og hytte. Dette blir ofte kalla brannhygiene. Enkelt forklart handlar det om å ha det ryddig rundt bygningar, både når det gjeld brennbare gjenstandar og vegetasjon. Ein nyslegen plen kan i nokre tilfelle vere forskjellen som hindrar at ein brann spreier seg til bygningar.

Nedanfor finn de fleire råd og tips som kan bidra til auka tryggleik.

Vi ønskjer dykk alle ein framleis branntrygg sommar!

Ulike tips for å unngå brann - Klikk for stort bilete Illustrasjon DSB