Silje S. Mork/Herøy kommune
I ei tid med meir uro og hardare ordskifte, er det viktigare enn nokon gong å snakke godt saman. Når vi møter kvarandre med respekt, nysgjerrigheit og vilje til å lytte, bygger vi tillit og fellesskap i Herøy.
Dialog handlar ikkje om å vere einige om alt – men om å forstå kvarandre litt betre.
Ordføraren oppmodar alle i Herøy til å bruke dagen: – ta ein prat med nokon du ikkje snakkar med så ofte
– lytt til eit nytt perspektiv
– bidra til gode møte mellom menneske
Det er i dei små samtalane vi bygger det store fellesskapet.
Det kan skje når som helst når vi treff kvarandre og ikkje minst på arbeidsplassen og i fritida.