Desse sju vil høyre om hjartesaka di

Ser du noko som bør endrast i Herøy, slik at alle kan delta i samfunnet på lik linje? Ta opp saka med rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Gruppebilde av rådet for menneske for nedsett funksjonsevne - Klikk for stort bileteFrå venstre: Sølvi Voldsund Myrhol, Johannes Kvalsvik, Mona Høybakk Voldsund, Sigmund Nymark (vara for Sigrun Voldsund), Janne Remøy Endresen, Idar Warholm (vara for Sidsel Skorpen), Eilin Reinaas. Svein Arne Orvik

Har du lagt merke til ei fysisk hindring som gjer at ikkje alle kan ta seg fram?

Har du støytt på eit digitalt verktøy som ikkje alle kan bruke?

Finst det eit regelverk som står i vegen for nokon, slik du ser det?

Då kan du vende deg til rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. For dei jobbar med saker som handlar om tilgjenge, likestilling og arbeid mot diskriminering.

Kva rolle har rådet?

Kort sagt er rådet 

  • vald av kommunestyret for at personar med nedsett funksjonsevne skal få medverke i alle saker som gjeld dei
  • eit organ med sju medlemmer: ein frå kommunestyret og seks frå brukarorganisasjonar
  • eit av dei lovfesta, rådgivande medverknadsorgana vi har (i tillegg til eldrerådet og ungdomsrådet)

Kva gjer rådet? 

Rådet 

  • fremmer synspunkta og behova til personar med nedsett funksjonsevne
  • uttalar seg i saker som kommunestyret eller andre folkevalde organ skal avgjere
  • tar opp saker på eige initiativ
  • behandlar saker som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne som gruppe (såkalla prinsipielle saker)
  • behandlar ikkje saker som gjeld enkeltpersonar

Korleis får du kontakt med rådet?

Du kan ringe eller sende e-post direkte til ein eller fleire av medlemmene.

Kontaktinformasjonen til medlemmene finn du ved å klikke her

Desse sju sit i rådet no:

  • Eilin Reinaas, leiar – frå kommunestyret 
  • Sølvi Voldsund Myrhol, nestleiar – frå Foreningen for Muskelsyke 
  • Janne Remøy Endresen, medlem – frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede
  • Johannes Kvalsvik, medlem – frå Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner 
  • Mona Høybakk Voldsund, medlem – frå Herøy Revmatikerlag
  • Sidsel Skorpen, medlem – frå Hørselshemmedes Landsforbund
  • Sigrun Voldsund, medlem – frå Landsforeningen for hjerte- og lungesyke