Plankart Aspevika austre del
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for område for fritidsbustadar ved sjøen, naustområde ovanfor og fire bustadtomter. Forslag til plankart ser du ovanfor.
Om byggjeplanane:
Området har frå før ei blanding av naust og hytter vest for planområdet og tre bustadar som ligg sør for planområdet. Område for fritidsbustadar er plassert mot sjøen og bryter såleis med utbygginga gjort vest for planområdet. Etablering av fritidsbustadar ved sjøen kan skape eit hinder for ålmenta som ikkje får ferdast foran bygga. Planforslaget utnyttar heller ikkje heile området som er sett av til naustområde i dagens arealdel (sjå utsnitt under merka med “1”) og det vil vere naturleg at det som ikkje vert regulert i dette planarbeidet vil gå attende til LNF-føremål ved neste rullering av arealdelen. Område merka “2” er naustområde som ligg utanfor det som er sett av til naustområde i kommuneplanen sin arealdel. Kommunedirektøren meinar det kan vere fornuftig å “bytte” område 1 mot 2 og bevare meir av strandsona.
Kommunedirektøren meiner planforslaget ber preg av å ha blitt starta opp i 2017 og no arbeida vidare på. I Aspevika står det i dag naust ved sjøen og utgjer eit felles landskapsbilete. Dette talar for at fritidsbustadane som ligg mot sjøen må utformast slik at dei framstår som naustbygg. Det er vil vere mogleg å legge til rette for at fritidsbustadane kan ha rom for varig opphald både i 1.og 2.etg. Når bygget først er ei rorbu/fritidsbustad er området privatisert så det spelar lita rolla om det er naustdel i første eller om det er rom for varig opphald i begge.

Har du merknadar til planforslaget kan du sende dei til kommunen innan 09.01.2025
Du finn planforslaget her
skjema for høyringsinnspel
eller det kan sendast til postmottak@heroy.kommune.no
eller Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg
Husk å merk med saksnr. 2025/525
Planident: 201711