Bjørnehiet
Håkon Søvik Smådal, leiar i Leine Krins Grendelag
Kva er spelemiddel-ordninga?
Spelemidlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping, Kulturdepartementet fordelar desse til allmennyttige føremål, der ein stor del går til idrett og aktivitet.
Alle lag og organisasjonar kan søke om spelemidel-tilskot til idretts- og aktivitetsanlegg.
Eit prosjekt kan ha ulike vilkår for å kunne få tilskot.
Kva kan det søkjast om?
Grendelag og velforeiningar kan søkje om tilskot til nærmiljøanlegg. Det kan søkjast om inn til 50% av søknadsberettiga kostnad, men maks kr. 300 000,- per anleggseining.
Døme på kva det tidlegare har vore utbetalt tilskot er:
- Gapahuk
- Ballbinge
- Aktivitetspark
- Treningspark
- Apparat / installasjonar som tilfredsstiller NS-EN-16630, NS-EN-16899 eller liknande
Lista er ikkje uttømande. Sit du med ein ide så ta kontakt for å avklare om ditt prosjekt kan søkjast på.
Apparat / installasjonar som berre er sertifisert I NS-EN-1176 kan det ikkje søkjast tilskot for.
Frist for innlevering av søknad:
Søknaden må vere levert Herøy kommune seinast 15. oktober – så start søknadsprosessen i god tid! Søknadsportalen opna 15. Juni.
Kontaktinformasjon
Herøy kommune håper å høyre frå ditt grendelag eller di velforeining, slik vi kan hjelpe i søknadsprosessen.
For spørsmål eller bistand i søknadsprosessen kan du kontakte sakshandsamar for spelemiddelordninga på telefon: 47710235
eller e-post: henriette.hansen@heroy.kommune.no
Frå Bjørnehiet kan ein nyte ei fantastisk utsikt. Leine krins Grendalag fekk tilskot i 2025.
Solnedgang sett frå Bjørnehiet.
Håkon Søvik Smådal, leiar i Leine Krins Grendalag.