Oddbjørg Kvalsund
To engasjerte tilsette tok initiativ til dugnaden, og fekk med seg to andre medlemmer i Kvalsundklubben, tilsette, pasientar og pårørande.
Det vart luka ugras, fylt på med mold og ordna med det som høyrer til for å skape eit fint og innbydande miljø. Undervegs vart det grilla pølser og stekt vaflar ute, noko som skapte god stemning og hyggeleg samvær for både pasientar og tilsette.
Dette vart ein fin dag med godt samarbeid, sosialt samvær. Ein stor takk til dei som stilte opp og bidrog til å gjere hagen endå finare!