Eigenberedskapsveka 2026: Korleis får du informasjon når nettet fell ut?

Eigenberedskapsveka 2026 handlar om meir enn matlager og batteri. I år er temaet kva  gjer vi dersom mobilnett og internett ikkje verkar. Herøy kommune inviterer innbyggarane til arrangement, informasjon og samtalar om korleis vi kan vere betre førebudde når kriser eller uventa hendingar oppstår.

Beredskap eksempel på ting som ein bør ha i eit beredskapslager for å vere førebudd - Klikk for stort bilete DSB

Frå 26. oktober til 1. november markerer Herøy kommune Eigenberedskapsveka 2026. Målet er å auke kunnskapen om eigenberedskap og gjere både innbyggarane og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser.

Årets tema er «Dersom mobilnett og internett ikkje verkar». Når dei vanlege kommunikasjonskanalane fell bort, er det viktig å vite kvar du kan få påliteleg informasjon. Difor vil kommunen denne veka setje søkjelys på informasjonspunkt, beredskap og samhandling.

Ope arrangement på Herøy folkebibliotek

Måndag 26. oktober inviterer Herøy kommune til eit ope arrangement på Herøy folkebibliotek frå klokka 11.00 til 14.00.

Her får du møte representantar frå kommunen, Sivilforsvaret, Herøy Sanitetsforeining og ordføraren. Du får lære meir om korleis kommunen arbeider med beredskap, kva rolle dei ulike aktørane har når ei krise oppstår, og korleis du sjølv kan førebu deg.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Program

Klokka 11.30 held beredskapsleiar og kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen ein presentasjon på om lag 20 minutt.

Han vil mellom anna snakke om:

  • kommunen sitt beredskapsarbeid
  • informasjonspunkta i Herøy kommune
  • kva som skjer dersom mobilnett og internett fell ut
  • kommunen si rolle ved kriser og uønskte hendingar

Etter presentasjonen vil Sivilforsvaret halde ein presentasjon på om lag 10 til 15 minutt. Dei vil fortelje om arbeidet sitt, kva rolle dei har i beredskapen og korleis dei kan bidra ved kriser og uønskte hendingar.

Det blir også høve til å stille spørsmål.

Sjå beredskapskassa og møt fagfolk

Under arrangementet kan du:

  • sjå beredskapskassa som er laga av Herøy Sanitetsforeining
  • møte representantar frå Sanitetsforeininga og få råd om eigenberedskap
  • snakke med representantar frå Sivilforsvaret
  • møte ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy og stille spørsmål om beredskap og andre aktuelle tema

Her finn du informasjon dersom digitale tenester fell ut

Kommunen har peika ut eigne informasjonspunkt som skal vere viktige møteplassar dersom mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.

Informasjonspunkta i Herøy kommune er:

  • Herøy rådhus
  • Myrvåg omsorgssenter

Ved større hendingar vil kommunen kunne bruke desse stadene til å formidle viktig informasjon til innbyggarane.

Møt kommunen under Eigenberedskapsveka

Gjennom veka vil innbyggarane også kunne møte kommunen ute i lokalsamfunnet.

Tysdag 27. oktober frå om lag klokka 12.00 vil ordføraren og kommunen sin beredskapskontakt vere til stades på Svingen. Her kan du få informasjon om informasjonspunkta og råd om eigenberedskap.

Fredag 30. oktober frå klokka 12.00 til 14.00 vil ordføraren, kommunen sin beredskapskontakt og Sivilforsvaret ha stand ved Meny Fosnavåg. Også her blir det informasjon om eigenberedskap og kva du bør vite dersom mobilnett og internett fell bort.

Eigenberedskap gjer oss meir robuste

God beredskap handlar ikkje berre om kva vi har heime. Det handlar også om å vite kvar vi kan få informasjon, kven som kan hjelpe, og korleis vi kan klare oss dei første dagane dersom kvardagen brått blir snudd på hovudet.

Herøy kommune oppmodar alle innbyggarar til å bruke Eigenberedskapsveka til å lære meir om beredskap og gjere enkle førebuingar som kan vere avgjerande når det verkeleg gjeld.

Velkomen til ein lærerik og nyttig prat om beredskap i Herøy.