Eit godt fundament for vidare arbeid - Herøy kommune

Eit godt fundament for vidare arbeid

Det første møte i styringsgruppa for 3K-samarbeidet mellom Herøy, Sande og Ulstein vart halde på Ulstein rådhus tysdag 8. april. Møte kom i stand etter at alle dei tre kommunane hadde gjort vedtak om representasjon i styringsgruppa, og det var ordførarane som inviterte til den første samlinga. 

Styringsgruppa for 3K-samarbeidet, meddei tre ordførerane i midten. - Klikk for stort bileteStyringsgruppa for 3K-samarbeidet, med dei tre ordførerane i midten. Pressefoto

Målet med samlinga var å leggje eit godt grunnlag for det vidare samarbeidet mellom kommunane. Med gode statusoppdateringar frå kvar kommune fekk ein òg avklart mandatet for det vidare arbeidet, roller og prosjektleiing. 

Eit sentralt punkt på dagsordenen var godkjenning av konkurransegrunnlaget. Styringsgruppa gjekk gjennom og fastsette grunnlaget for anbodet der ein skal hente inn kunnskapsgrunnlaget som skal danne basis for vidare diskusjonar i respektive kommunar. Anbodet vil bli lyst ut så snart som mogleg. 

Kommunikasjon og arbeidsform var òg eit viktig tema. Deltakarane drøfta korleis samarbeidet skal organiserast mellom møta, bruk av felles plattform og korleis styringsgruppa best kan informere omverda undervegs i prosessen. 

– Det var god stemning rundt bordet og gode, grunnleggjande drøftingar i starten av ein viktig prosess, seier ordførarane i dei tre kommunane. 

Møtet på Ulstein rådhus markerte starten på prosjektet mellom Herøy, Sande og Ulstein. 

Kontaktpersonar: 
Ordførarane 

Om 3K-samarbeidet: 
3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Herøy, Sande og Ulstein der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.