Silje S. Mork
Eit prosjekt som engasjerer heile skulen
I eit klasserom har elevane kunna følgje utviklinga på nært hald. Samstudes har ein felles presentasjon har gjort det mogleg for alle klassene å følgje utviklinga dag for dag. Her har elevane fått lære om rase, ruging, temperatur og fuktigheit, og dei har sett bilete frå lysing av egga og sjølve klekkinga. Slik har alle elevane fått vere med, også dei som ikkje var i klasserommet då det skjedde.
Silje S. Mork
Små kyllingar, store opplevingar
– Stemninga har vore særleg god på huset, fortel lærar Camilla Magerøy Næverlid. – Den dagen kyllingane klekte, var heilt spesiell. Då var både elevar og vaksne i ekstase. Det varma rett og slett hjartet.
Elevane har vore innom jamnleg for å sjå og halde kyllingane. Mange seier at det kjekkaste har vore nettopp å få kose med dei små.
– Kyllingane er svært søte, og det har vore kjekt å sjå kor fort dei veks, seier fleire elevar.
Andre trekkjer fram læringa: – Vi har lært at det tek 21 dagar å ruge fram kyllingar, og at vi kan lyse på egga for å sjå om det er liv.
Gjennom prosjektet har elevane også lært om korleis eit egg utviklar seg.
– Det verkar som mange ikkje har vore klar over korleis dette fungerer frå før, seier lærar Veronica Muren Longva. – No har dei fått sjå prosessen på nært hald, og eg trur dei har lært mykje fagleg. Ho fortel vidare om sterke augeblikk i klasserommet:
– Store 10.-klassingar blir heilt mjuke i hjartet når dei held kyllingane. Og sjølv når ein av dei fekk bæsj på nye bukser, gjorde det ingenting – kyllingane var for søte.
Silje S. Mork
Ansvar og omsorg for dyra
Elevane har vist stort ansvar når dei har handtert kyllingane. Dei har sett seg ned når dei held dei, slik at dei ikkje skal dette ned. Kyllingane har budd i ei kasse med varmelampe, og lærarane har sørga for mat og stell – også i helgane.
Prosjektet er leia av lærarane Camilla Magerøy Næverlid og Veronica Muren Longva, som sjølve har følgd tett med heile vegen.
– Det har vore ekstra ansvar, men også svært kjekt, seier Næverlid. – Det mest spennande har vore prosessen og det å sjå samanhengen i korleis alt fungerer. Å lyse på egga og sjå blodårer var heilt spesielt.
Eit egg som blir gjennomlyst med lommelykt
Camilla Magerøy Næverlid
Frå skuleprosjekt til ny heim
Kyllingane har også fått namn av elevane, mellom anna Olga, Gunnhild, Oda, Gina og Gullars.
Prosjektet har engasjert nær sagt alle elevane ved skulen, og har skapt positive ringverknader i elevmiljøet.
– Elevane har vore svært engasjerte, og det har vore ei koseleg stemning dei siste vekene, seier Næverlid.
No går turen vidare for dei små kyllingane. Dei skal flytte heim til ein av lærarane, der dei får vekse vidare.
Praktisk læring som skapar engasjement
Kyllingprosjektet viser korleis praktisk læring kan bidra til både fagleg utvikling, engasjement og fellesskap – og ikkje minst skape mykje glede i skulekvardagen.