Det er andre gongen Herøy kommune og Herøy næringsforum arrangerer innovasjonscamp. Gjennom ei veke jobbar elevane med oppdrag som viser spennet i kva næringar og yrke heimkommunen har å by på.
Målet med prosjektet er at elevane skal bli betre kjende med det lokale arbeidslivet og sjå dei mange moglegheitene som finst.
Innovasjonscampen blir gjennomført med bidrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Sparebanken Møre.