Tre på topp!
Gry Elisabeth Lillenes Kempton
Festen gjekk av stabelen på kulturhuset og er eit høgdepunkt i årets innovasjonscamp. Sidan måndag har niandeklassingane ved Stokksund skule og Ytre Herøy ungdomsskule jobba i grupper med å løyse oppdrag frå lokale verksemder.
På premiefesten kåra juryen tre av gruppene til «topp tre»:
1. plass: Gruppe 6 for si løysing på oppdraget frå Herøy kommune (helse og omsorg): Fritidsklubben
2. plass: Gruppe 14 for si løysing på oppdraget frå Olympic/ATEA: BPH, Bevisst På Handling
3. plass: Gruppe 2 for for si løysing på oppdraget frå Sparebanken Møre: EyeD!
Les meir om oppdraga, juryen og innovasjonscampen her.
– Trygge og gode formidlarar
Slik er grunngivinga frå juryen:
«I dag har elevane ved 9. trinn på Stokksund og Ytre Herøy ungdomsskule imponert oss stort!
Vi skulle ønske vi kunne kåre fleire vinnarar, men dessverre kan vi berre plassere tre stykker på pallen. Vi har tenkt og diskutert, dette har ikkje vore ei enkel oppgåve.
3. plassen går til ei gruppe som verkeleg har tenkt innovativt når dei har kome fram til si løysning. Løysinga går ut på å nytte seg av teknologi som allereie finst til nye formål og til ei ny løysing som vil gjere dagleglivet enklare for ei brei gruppe forbrukarar. Dei har funne eit treffande namn på løysinga si, som umiddelbart gir oss assosiasjonar til kva løysinga faktisk er. Dei nemner også ulemper med løysinga si, som viser at dei har reflektert og ikkje vore ukritiske i prosessen. Vi i juryen tenker at denne kan realiserast – ein gong i framtida, som ei ny type betalingssløysing.
3. plassen går ei av gruppene som har løyst oppdraget gitt av Sparebanken Møre: Gruppe 2 – EyeD!
2. plassen går til ei gruppe som presenterer oss for eit problem og deretter ei godt gjennomtenkt løysing. Dei reflekterer og formidlar godt rundt oppdraget og relevansen problematikken har 3for både arbeids-, næringslivet og privatlivet. Alt er godt gjennomtenkt. Dei har samla massevis av kunnskap og formidlar dette fritt vidare til oss. Trygge og gode formidlarar som gjorde ein god og truverdig figur under sin presentasjon. Dei gir oss konkrete døme og forklarer godt kva, kvifor og korleis. Å kople på KI-elementet var ein god ide. Dei har opparbeidd seg god kunnskap frå oppdragsgivarane. Utvida horisonten rundt ei problemstilling som er svært aktuell. Kreativitet og innovasjon. Treff godt på oppdraget og ei løysing som juryen tenker er ganske gjennomførbar.
2. plassen blir gitt til gruppa som har løyst oppdraget frå Olympic/ATEA – BPH, Bevisst På Handling, Gruppe 14!
1. plassen går til ei gruppe som skilte seg ut med ein svært gjennomtenkt ide og viste stor innsikt.
Starta med å definere oppgåva dei har løyst og beskrive sentrale omgrep. Dei har ei tydeleg definert målgruppe og er opptatt av å få inn perspektiv frå denne for å kunne forbetre tenesta dei leverer. Heile gruppa bidreg, og arbeidet er tydeleg av denne kvaliteten takka vere godt samarbeid. Ei gjennomført løysing frå start til slutt. Fin regi på presentering av oppgåva, dei svarte ut ting svært godt og hadde ein strukturert presentasjon. Konseptet er både nyskapande og særleg knytt til fokus på det sosiale aspektet ved berekraft. Eit svært gjennomarbeidd konsept. Tenkt på alt frå marknadsføring til praktisk gjennomføring og undersøkt, tatt omsyn til og sett seg inn i målgruppa sine behov. Kreative på måten dei ser for seg å løyse eit problem i vårt samfunn for ei spesifikk målgruppe.
For si løysning på oppdraget gitt av Herøy kommune – helse og omsorg: Fritidsklubben, gruppe 6!»