Elevbesøk og tradisjonshandverk del to! - Herøy kommune

Elevbesøk og tradisjonshandverk del to!

I strålande ver møtte elevar frå VG1 Bygg- og anleggsteknikk opp på Kjeldsund for å stelle sunnmørsjekta Anna Olava.

Stell av dekk, veng og bakk på Anna Olava

For vel ein månad sidan var VG1 Naturbruk på Herøy gard og stelte tauverk til Sunnmørsjekta Anna Olava, og no har VG1 Bygg- og anleggsteknikk smurt dekk, mast og bom. Åtte elevar og lærar Joakim Eiksund var i aksjon, og fekk jobben gjort! 

Det er gull verdt at vi kan ha eit samarbeid med Herøy Vidaregåande skule innafor tradisjonshandverk. Dette passar godt inn i deira fagplan, og vi får introdusert unge til arbeidet med skjøtsel av kulturarv. 

Treverket, med unntak av botnsmøring og malte detaljar, er sett inn med Møretyri, som er eit produkt som er basert på tradisjonelle oppskrifter. Nedanfor er det ei lenkje til store norske leksikon der du kan lese meir om tyri som tradisjonelt råstoff, og ei lenkje til Fortidsminneforeningen sitt tjæreprosjekt. I førre artikkel om elevbesøk og stell av tauverk er der lenkje til ein artikkel om milebrent tjøre for dei som vil lese meir. 

Med dette arbeidet unnagjort nærmar det seg veldig at jekta er klar for drift igjen. Det neste som står for tur no er montering av mast og bom, før vi tek om bord flåtene rett etter syttande mai.

Hjarteleg takk for fantastisk innsats!

Tenk på det når de ser jekta framover at elevar ved Herøy Vidaregåande skule har stått for ein betydeleg del av vedlikehaldsarbeidet i år! 

Følg gjerne med

Jekta og Herøy gard har sine eigne facebook- og instagramsider, og dersom du har lyst til å fylgje med på kva som skjer så er det lurt om du liker og fylgjer sidene så vi kan halde deg oppdatert. Det neste som skjer no er smøring av mast og montering av riggen!

Du er hjarteleg velkomen

Dersom du har lyst til å vere med i det frivillige arbeidet innan forvalting av vår felles kulturarv, er du hjarteleg velkomen til å melde deg inn i Herøy gards venneforeining. Dette er ein sosial møteplass, der ein kan verte kjend med andre og får eit unikt fritidstilbod som viser igjen i kommune både no og for ettertida.

Lenkjer

Anna Olava på Wikipedia

Store norske leksikon om tyri

Fortidsminneforeningen sitt tjæreprosjekt