Endringar i TT-ordninga frå 1. juli 2026

Frå 1. juli 2026 er det Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvar for TT-ordninga.

TT-kort (tilrettelagt transport) - Klikk for stort bilete I-Stock

Dette betyr at fylkeskommunen no behandlar:

  • søknader om TT-kort (tilrettelagt transport)
  • godkjenning av nye brukarar
  • klager på vedtak

Herøy kommune behandlar ikkje lenger søknader om TT-kort.

Kva er TT-kort?

TT-kort er ei transportstøtteordning for deg som har nedsett funksjonsevne og ikkje kan bruke vanleg kollektivtransport til fritidsreiser.

Korleis søkje om TT-kort?

TT-ordninga er ei fylkeskommunal ordning, og all informasjon, søknad og oppfølging blir handtert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les om TT-kort på mrfylke.no. 

Har du allereie TT-kort?

Alle som har TT-kort, har fått informasjon om dei nye reglane.

Dersom du har spørsmål om kortet ditt, skal du kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune.