Enklare innsyn i dokumenta til kommunen

Dokument som er sende til og frå kommunen kan no lastast ned direkte frå nettstaden vår.

to hender med ein mobil - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Ikkje alle dokument kan lastast ned: Nokre er unnatekne offentleg innsyn fordi innhaldet må skjermast etter reglane i offentleglova og forvaltningslova.

E-postar, brev og andre dokument som blir sende inn til ein kommune eller ei anna offentleg verksemd, er offentlege dokument som alle har rett til innsyn i. Det same gjeld dokument kommunen sender ut. Som sagt kan innhaldet likevel gjere at eit dokument er unnateke offentleg innsyn.

Tidlegare har du måtta sende eit innsynskrav for å få lese dokument. Frå og med 17. desember er det endra. No kan du kan laste ned dokument direkte frå postlista på nettstaden vår. Postlista er ei oversikt over inngåande og utgåande dokument i saker.

No blir det altså lettare å halde seg oppdatert på det blir sendt inn til kommunen og det vi sender ifrå oss.

Her finn du postlista.