Er du klar for T-dans på sjukeheimane

T-dans på sjukeheimane har vore populært. Det har vore mange deltakarar og dansefoten har svinga seg , i alle fall under bordet! 

Eldre personer i dans - Klikk for stort bilete KI

Fyrst ute var Trond Ihle i februar, no i mars vil Nasko Nikolaev spele opp til dans (PDF, 410 kB), han startar i Myrvåg komande laurdag klokka, og 28. mars kjem han til Herøy omsorgssenter, Grøn avdeling. 

Den nyoppretta arbeidsgruppa som består av tilsette i helseavdelinga og kulturavdelinga ynskjer familie, vener og kjende velkomne til å vere med på t-dansen ilag, og vi håper at de får ei fin stund desse laurdagane. 
Kanskje har du nokon du kjenner som bur i omsorgsbustad rundt sjukeheimen, som du kan gå eller rulle ilag med? 
 

Informasjon om dato og klokkeslett finn du på oppslagstavler og på sosiale medier. 

Arbeidsgruppa for kultur, trivsel og helse i Herøy ønskjer deg velkomen til ei triveleg stund!