Er du pårørande innan psykisk helse? - Herøy kommune

Er du pårørande innan psykisk helse?

Likepersonar frå LPP (Landsforeninga for Pårørande innan Psykisk helse) er på Svingen på måndagar mellom kl.13:00-15:00 og du kan treffe dei.

Hender som strekker seg opp i lufta - Klikk for stort bilete Unsplash

Kva er ein pårørande?

Ein pårørande innan psykisk helse er ein person med nær relasjon med nokon som har psykiske helseutfordringar. Dette kan vere ein forelder, partner, søsken, barn eller nær venn.

Lova skil mellom næraste pårørande og andre pårørande. Næraste pårørande er den som pasienten har ført opp som sin nærmaste, og har eigne rettar inn mot behandling. Andre pårørande har ikkje dei same rettane, men kan framleis ha behov for rettleiing og støtte i situasjonen.

 

Kva er LPP?

Logo til LPP - Klikk for stort bileteLogo Søre Sunnmøre LPP

LPP er ein organisasjon som talar på vegne av pårørande til personar med psykiske helseutfordringar, og som jobbar for å vere ei støtte. Er du interessert i å vite meir? På Svingen kan du møte lokale likepersonar med teieplikt. Kom gjerne innom for ein uformell prat eller for å avtale ein samtale.

Tid: måndagar kl.13:00-15:00

Stad: Svingen 4