Den geologiske vurderinga konkluderer med at situasjonen er tilbake til normalen, og at forholda i området no er som før steinspranget.
Geologen opprettheld vurderingane frå den mellombelse rapporten. Ifølgje den faglege vurderinga vart steinspranga truleg utløyste som følgje av vedvarande nedbør over tid. Det er ikkje avdekt forhold som tilseier auka fare utover det som naturleg finst i eit bratt terreng.
På bakgrunn av den geologiske vurderinga har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrådd at evakueringa og ferdselsforbodet kan opphevast. Politiet opphevar vedtaket formelt.
Ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy er glad for at situasjonen no er avklart.
– Vi er letta over at den geologiske vurderinga stadfestar at situasjonen er normalisert, og at dei berørte no kan vende tilbake til heimane sine.
Herøy kommune vil også vurdere om det er aktuelt å søkje om tilskot til framtidige sikringstiltak i området.