Familiedag samla store og små til inntekt for TV-aksjonen

Laurdag 17.oktober vart sentrum fylt med aktivitetar og engasjerte deltakarar. Sjølv om vêret viste seg frå ei ruskete side med både regn og hagl rett før familieløpet starta, møtte mange opp for å delta i aktivitetane til inntekt for TV-aksjonen.

Familieløp i parken - Klikk for stort bileteFamilieløp i parken Silje S. Mork / Herøy kommune
Silje S. Mork/ Herøy kommune
Silje S. Mork /Herøy kommune

Familieløpet i Parken samla barn i alle aldrar som sprang rundar etter eige ønskje, medan familie og vener heia frå sidelinja. Innsatsen var stor, og veret såg ikkje ut til å leggje nokon dempar på stemninga.

Familieløp to jenter som spring - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Herøy kommune
Familieløp i parken - Klikk for stort bilete Silje S. Mork /Herøy kommune
Deltakarar familieløp - Klikk for stort bilete Silje S. Mork / Herøy kommune

Alle deltakarane fekk medalje som premie for innsatsen. Handballspelarane frå herrelaget til Bergsøy IL stilte opp som frivillige og delte ut medaljar til barna. SpareBank 1, representert ved Henning Karlsen, bidrog med både medaljar og refleksvestar til deltakarane, og var sjølv med på utdelinga.

Henning Karlsen frå Sparebank en delte ut medaljar - Klikk for stort bileteHenning Karlsen frå Sparebank 1 delte ut medaljar Silje S. Mork / Herøy kommune
Handballspelarar frå herrelaget til Bergsøy IL stilte også opp for å dele ut medaljar - Klikk for stort bileteHandballspelarar frå herrelaget til Bergsøy IL stilte òg opp for å dele ut medaljar Silje S. Mork /Herøy kommune
Familieløp i Parken. Gutar i full fart rundt løypa. - Klikk for stort bileteFamilieløp i Parken. Gutar i full fart rundt løypa. Silje S. Mork / Herøy kommune
Hanballspelera frå herrelaget til Bergsøy IL handball og Henning Karlsen frå Sparebank 1 - Klikk for stort bileteHanballspelera frå herrelaget til Bergsøy IL handball og Henning Karlsen frå Sparebank 1 Silje S. Mork / Herøy kommune

Pop-up-kafé med internasjonalt preg

Kvalifiseringssenteret for innvandrarar og flyktningar inviterte til pop-up-kafé - Klikk for stort bileteKvalifiseringssenteret for innvandrarar og flyktningar inviterte til pop-up-kafé. Silje S. Mork /Herøy kommune

I dei tidlegare Carat-lokala på Fosnavåg Brygge inviterte Kvalifiseringssenteret for innvandrarar og flyktningar til pop-up-kafé. Lokalet var fint pynta, og dei frammøtte kunne kose seg med kaffi, kaker og popcorn.

Kaféen vart eit naturleg møtestad der folk kunne samlast, slå av ein prat og samtidig støtte TV-aksjonen. All inntekt frå salet gjekk til årets aksjon.

Mange tok turen innom pop-up-kaféen - Klikk for stort bileteMange tok turen innom pop-up-kaféen Herøy kommune
Popcornmaskina var eit populært innslag på pop-up-kaféen - Klikk for stort biletePopcornmaskina var eit populært innslag på pop-up-kaféen Silje S. Mork / Herøy kommune
Pop-up-kaféen samla mykje folk - Klikk for stort biletePop-up-kaféen samla mykje folk Silje S. Mork / Herøy kommune

Lang kø for ballongkunst, fletter og ansiktsmåling

Klovnen Fiks laga Kaptein Sabeltann-sverd av ballongar - Klikk for stort bileteKlovnen Fiks laga Kaptein Sabeltann-sverd av ballongar. Silje S. Mork /Herøy kommune

Klovnen Fix var eit populært innslag gjennom dagen. Med kreativ ballongkunst laga han alt frå Kaptein Sabeltann-sverd til hjarte og andre figurar som barna kunne ta med seg heim.

Det var også stor interesse for ansiktsmåling og hårfletting, og fleire barn stilte seg i kø for å få eit ekstra fargerikt preg på dagen.

Mange nytta høvet til å få ansiktsmåling - Klikk for stort bileteMange nytta høvet til å få ansiktsmåling Silje S. Mork / Herøy kommune
Ansiktsmåling og fletting var populære aktivitetar. - Klikk for stort bileteAnsiktsmåling og fletting var populære aktivitetar. Silje S. Mork /Herøy kommune
Ballongar og godt humør med Klovnen Fiks - Klikk for stort bileteBallongar og godt humør med Klovnen Fiks Silje S. Mork /Herøy kommune

Leseglede på biblioteket

Leseinspirator Fredrik Steen held lesestund med boka Oppdrag romvesen på Herøy folkebibliotek - Klikk for stort bileteLeseinspirator Fredrik Steen held lesestund med boka Oppdrag romvesen på Herøy folkebibliotek Silje S. Mork / Herøy kommune

Klokka 12 inviterte Herøy folkebibliotek til lesestund for barn. Leseinspirator Fredrik Steen møtte opp med den raude lesehua og skapte ei hyggeleg stund for dei yngste.

Viktige møte på tvers

Ordførar Tine Storøy gledde seg over det store engasjementet og breidda i aktivitetane.

– Det er kjekt å sjå så mykje folk på arrangementa, sjølv om veret ikkje var på vår side. Her er aktivitetar for alle, og det er flott å sjå kor mange som stiller opp gratis for ei viktig sak, seier Storøy.

Ho peikar også på verdien av møta som oppstår gjennom slike arrangement.

– Desse menneskemøta på tvers er kjempeviktige. Når menneske som har måtte forlate hus, heim, familie og vener opplever at lokalsamfunnet stiller opp, betyr det mykje, seier ho.

Ordføraren rosar også arbeidet til TV-aksjonskomiteen og dei mange frivillige som bidreg år etter år.

– Vi har funne vår eiga form på markeringa i Herøy, og det er veldig kjekt å samarbeide med kreative og engasjerte menneske som vil vere med og skape noko saman, seier Storøy.

Aktivitetsdagen vart dermed ei vellukka markering prega av fellesskap, frivillig innsats og stort engasjement for TV-aksjonen.