Hilde Beate Hestås
Dei 143 elevane heldt saman med dyktige tilsette ein forrykande konsert der dei med song, dans, film og bilete tok oss gjennom eit år på Blåhaugen.
Paul Sundnes som var den aller første rektoren på Blåhaugen fortalde om gleda ved å flytte inn i ein ny og flott skule, medan tidlegare elevar hadde send inn videohelsingar og delte artige minner frå skuletida si på Blåhaugen.
Bergsøy skule er ein skule med barn og familiar med veldig mange nasjonalitetar – det gjer skulen ekstra fin. Med Vi-songen og talekor der alle sa same setninga på sitt språk spegla for ein flott gjeng elevar vi har på skulen.
Ordføraren gratulerte med dagen og takk elevar og tilsette for ei fantastisk førestilling. Tine sa det så godt på vegne av oss på gjestebenken – «vi eigde ikkje ein einaste av desse fantastiske ungane – men vi er utruleg stolte av dei og har tørka både tåre og jubla over kor flinke dei er».
Bilde frå feiringa:
Tusen takk til elevar og tilsette for ein storarta festkonsert og nok ein gong gratulerer med 25- årsjubileet!