Tore Langvatn
Brannen spreidde seg raskt vidare til to andre naust og til vegetasjonen rundt.
– Eitt av nausta var overtent då naudetatane kom fram, opplyser operasjonsleiar Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes i Møre og Romsdal politidistrikt.
Brannvesenet sette inn ressursar for å hindre vidare spreiing, og fekk etter kvart kontroll på brannen i terrenget. Dei tre nausta som brann ligg noko for seg sjølve, noko som truleg gjorde sløkkeinnsatsen meir oversiktleg.
Oppmoda folk til å lukke vindauge
På grunn av mykje røyk i området gjekk politiet ut med ei oppmoding til bebuarane i nærleiken.
Klokka 22:47 bad dei folk om å halde seg inne, lukke vindauge og stenge ventilasjon.
Samtidig opplyste 110-sentralen at det ikkje var meldt om sakna personar.
Kopla ut straumen
For å sikre området og støtte arbeidet til naudetatane, måtte straumen til fleire bygg koplast ut. Linja var på plass om lag ein halvtime etter at brannen vart meldt.
Totalt vart 18 kundar utan straum.
– Alle bustadhus og dei fleste nausta fekk straumen tilbake i løpet av natta, opplyser Linja.
Etterforskar brannårsaka
Politiet har oppretta sak og vil etterforske brannen både teknisk og taktisk. Det er framleis uklart kva som er årsaka til brannen.
No ber politiet om hjelp frå publikum.
– Personar som kan ha sett noko, eller som sit på informasjon, vert oppmoda til å ta kontakt. Du kan registrere tips på politiet sine nettsider eller ringe 02800, seier politiet.
Tore Langvatn