Felles fagdag i Herøy kommune: Pårørande i fokus

I førre veke var tilsette i pleie og omsorg og bu og habilitering i Herøy samla til felles fagdagar, der eit svært viktig og relevant tema stod på agendaen: pårørande. Fagdagane gjekk over to dagar for å kunne inkludere flest mogleg tilsette, med same opplegg begge dagane.

Øyvind Blindheim, Margrethe Djupvik, Marta E. Baade Gjerde og Gry Dragsund-Vike.  - Klikk for stort bileteØyvind Blindheim, Margrethe Djupvik, Marta E. Baade Gjerde og Gry Dragsund-Vike. Merete Brungot Kløvning.

Fagdagane var ei avslutning på eit prosjekt i pleie og omsorg som handla om implementering av pårørande-verktøyet CSNAT. Vi ynskte å gi tilsette påfyll, nye perspektiv og auka pårørandeforståing, samstundes som det var fint å møtast på tvers av seksjonane. Alle møter vi pårørande i arbeidet vårt, og kunnskap og forståing for kvardagen og rolla deira er avgjerande for eit godt samarbeid. 

Vi var så heldig at Øyvind Blindheim, kjend som «pappaen til Syver» frå «Team Pølsa» ville kome og dele si historie med oss frå eit pårørande-perspektiv. Han skildra korleis det er å vere pårørande til eit alvorleg sjukt barn med funksjonsnedsetjing, og understreka verdien av håp og meistring når framtida kan kjennest tung og uviss. 

Vi fekk også meir kunnskap om samhandling med pårørande i eit tenesteytar-perspektiv frå Inga Lill Slenes Bjørnstad frå tenestekoordinering. Merete Kløvning, pårørandekoordinator i Ålesund, gav oss eit innblikk i «pårørandeavtalen» som er utarbeida av Helsedirektoratet og belyste nødvendigheita av eit slikt verktøy. Eilin Reinås, som både er representant for RFF og tilsett hos Statsforvaltaren, gav oss ei praktisk og lærerik innføring i lover og rettar som gjeld for pårørande. Mari-Ann Vattøy, diakon i Ulstein sokn, tok for seg «sorg og samtale» og kor viktig det er at vi er medmenneske når vi møter pasientar og pårørande i sorg. Vår eigen Janne-Katrin Sævik frå barnevernet i Herøy delte nyttige og lærerike erfaringar og praktiske verktøy om kommunikasjon i krevjande menneskemøte. Dette er ein tematikk vi som arbeider med menneske i krise, treff på heile tida. 

Vi er allereie i gang med å planlegge ny felles fagdag til våren, og gler oss over å kunne tilby fagleg påfyll og ein møtestad for dei tilsette. 

Arrangørar var avdelingsleiar for Pleie og omsorg Gry Dragsund-Vike, seksjonsleiar for Eggesbøtun og 1/1-brukar Margrethe Djupvik og kreftkoordinator Marta Elise Baade Gjerde.