Adobe Stock
Herøy kommune inviterer alle innbyggjarar til eit ope folkemøte om planlegginga av nytt omsorgssenter og utviklinga av dei framtidige helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Behovet for gode helse- og omsorgstenester vedkjem oss alle – anten vi treng hjelp sjølve, er pårørande, arbeider i tenestene eller ønskjer å bidra til eit trygt og godt lokalsamfunn. Derfor er innspel frå innbyggjarane viktige i det vidare arbeidet.
På møtet vil du få informasjon om kvar prosjektet står, kva mål og ambisjonar kommunen har for eit nytt omsorgssenter, og kva moglegheiter som kan liggje i å samle tenester. Vi vil òg presentere erfaringar og innspel frå møte med tilsette og tenestene: Kva lukkast Herøy godt med i dag? Kva utfordringar står kommunen overfor? Og korleis kan vi saman planleggje for framtidas behov?
Etter den innleiande orienteringa blir deltakarane inviterte til samtalar og innspel rundt småbord. Aktuelle spørsmål er mellom anna:
- Kva skal til for at fleire kan bu trygt heime så lenge som mogleg?
- Kva behov og utfordringar opplever innbyggjarar og pårørande?
- Kva kvalitetar og tenester bør eit nytt omsorgssenter ha?
- Kva fordelar og ulemper ser vi ved ulike lokaliseringar?
- Korleis kan kommunen og innbyggjarane saman førebu seg på framtidas behov?
Innspela kan gjevast digitalt, på papir eller munnleg. Fleire prosessleiarar vil vere til stades og hjelpe dei som treng støtte for å delta.
Folkemøtet er eit informasjons- og medverknadsmøte, ikkje ei røysting om lokalisering eller andre løysingar. Innspela vil inngå i det vidare arbeidet og avgjerdsgrunnlaget til kommunen.
Vi håper mange finn vegen til konserthuset – både unge og eldre, brukarar, pårørande, tilsette og andre interesserte.
Framtidas helse- og omsorgstenester gjeld heile Herøy.
Velkomen!