Foredrag torsdag denne veka; møt Magne og Åge Grimstad

Torsdag kveld er det ei tema-framsyning med gratis inngang i konserthuset. Litt humor, litt alvor, litt musikk og litt prating. Tvillingane Magne og Åge Grimstad inviterer til si spesielle førestilling om kreft og livslyst som dei kallar "Verda treng oss». 

Frå venstre: Konserthusleiar Petter Ole Kopperstad, Magne Grimstad og kreftkoordinator Marta Elise Baade - Klikk for stort bileteFrå venstre: Konserthusleiar Petter Ole Kopperstad, Magne Grimstad og kreftkoordinator Marta Elise Baade MNP, Vestlandsnytt

Førestillinga kombinerer humor, personlege historier og djupe refleksjonar over livet med kreft. Magne og Åge, som begge har kjempa mot kreft, delar sine opplevingar og viser korleis dei har funne styrke og livslyst gjennom utfordringane. 

Som på tidlegare framsyningar vert det også allsong og framføring av eigne songar. Førestillinga byggjer på den same som brørne hadde då dei turnerte i Sør-Norge sist haust. Då skreiv Sunnmørsposten mellom anna: "Både Åge og Magne er særs taleføre. Det kan vere lett å miste motet når ein har ein slik fæl sjukdom som råkar ein på nytt og på nytt. Men det har ikkje desse to karane gjort. Det vart framført fleire flotte songar denne kvelden. Me fekk høyre den dramatiske historia om korleis dei mista mor si, men det var også ein barndom full av mykje samhald og glede. Dei fortalde nakent og ærleg om korleis det er å leve med kreft."

Etter framsyninga vil det vere enkel kaffe og te for den som skulle ha lyst til å stanse igjen i foajéen ei lita stund. Førestillinga er gratis, men publikum må gjerne "kjøpe" seg ein plassbillett inne på nettsida. Då får ein også sikra seg eit sete. Dei to brørne har eit hårete mål om å samle inn ikkje mindre enn 1,2 millionar kroner til å støtte kreftforskinga og hjelp til kreftpasientar. I Herøy vert førestillinga arrangert i samarbeid med Fosnavåg konserthus og kreftkoordinatoren i Herøy, Marta Elise Baade.