Adobe Stock
I Herøy kommune er det jakt på hjort, og førre forvaltningsplan er frå 2013-2016. Utifrå dette er det stort behov for ein ny forvaltningsplan som er meir i tråd med dagens hjortebestand i kommunen. Forvaltningsmåla skal ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfald, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg. Forvaltningsplan for Herøy kommune vil vere gjeldande for 2026 – 2028. Den overordna planen legg rammene for avskyting i kommunen.
Dokumentet
Forvaltningsplan for hjort i Herøy, 2026-2028 (PDF, 5 MB)
Høyringsfrist: 26.mars 2026
Høyringsinnspel kan sendast i dette skjemaet. Merk høyringsinnspel med:
- Årstall: 2026
- Mappenummer: 353