Herøy kommune
Naturmøteplass – ein sosial møtepunkt i parken
Frå vår til vinter har vi hatt naturmøteplass kvar onsdag i parken. Her har bålet brent, kaffi kokt, og vi har kosa oss med sveler, vafler og kaker. Mange frivillige har stilt opp som naturmøteplass-verter, og skapt ein varm og inkluderande atmosfære for alle som ville ta turen.
Nytt vinterutstyr – klart for snø og leirskule
Vi har investert i masse nytt vinterutstyr: fellski, snowboard og truger – slik at alle som vil prøve seg på vinteraktivitetar får sjansen. Det betyr også at elevar som skal på vinterleirskule slepp å kjøpe dyrt utstyr – hos oss kan dei låne det dei treng!
Aktivitetsdag på Kjelsund – ein suksess!
Ein av årets store høgdepunkt var aktivitetsdagen på Kjelsund for heile familien. Over 100 deltakarar fekk prøve seg på fugletelling, SUP, packraft, kano, spikking, grilling, teltoppsett og mykje meir. Vi hadde gratis busstransport, strålande ver og tryggleik i fokus – takka vere Sørøyane Røde Kors og til og med besøk frå redningsskøyta Idar Ulstein. Mange syntest det var spennande å få komme om bord og sjå korleis det ser ut inne i båten!
Hauststart med Eventyrgutten
Hausten starta med eit smell då John Hobberstad – Eventyrgutten – hadde workshop i parken. Over 100 møtte opp, mange ungdommar, og alle fekk prøve å lage mat på bål: pizza, eventyrgryte og cookies. Same dag heldt han foredrag på Herøy folkebibliotek om korleis naturen har påverka hans psykiske helse, og delte tips til sunn og god bålmat.
Vi ser fram mot 2026!
Når vi ser tilbake på året, er vi stolte av alt vi har fått til. Og det beste- Vi har fått nye midlar frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre slik at vi kan gi gass også neste år! Vi lovar fleire aktivitetar, meir utstyr og endå fleire gode naturopplevingar for alle i Herøy.
Takk for i år, og så håper vi at vi sjåast også i 2026!
Helsing arbeidsgruppa: Julianne Auberg Hauge. Monica Torvik Stokset og Britt Paulsen.
Tilbakeblikk frå året ser du her: