Frisklivstilbodet på Svingen

Viste du at Svigen tilbyr fleire aktivitetar og kurs som kan styrke både fysisk og psykisk helse? 

Balansegruppa i sving. - Klikk for stort bilete Monica Torvik Stokset

Meistringskurs innan psykisk helse

Vi tilbyr kurs som gir verktøy for å handtere utfordringar i kvardagen. Les meir om dei ulike kursa på sidene våre.

Dei første kursa er fullteikna, og nye kursrekker blir annonsert på Svingen sine sider. Ta kontakt med seksjon psykisk helse om du ønsker å vite meir om kva kurs som kan passe for deg.

Sittedans

Sittedans er ein enkel og inkluderande aktivitet der vi dansar sittande på ein stol. Gjennom rytmiske rørsler med armar, bein og overkropp får vi rørt oss, styrkt kroppen – utan krav til balanse eller avanserte steg.

Målet er å skape glede, sosialt fellesskap og fysisk aktivitet på ein trygg måte.

Tidspunkt:

Tysdag, onsdag og torsdagar kl.12:00. Det er gratis å delta, og du treng ikkje melde deg på.

Passar for:

  • Eldre som har redusert mobilitet eller balanseutfordringar
  • Personar med fysiske funksjonsnedsettingar som gjer ståande dans vanskeleg.
  • Alle som ønsker ein lågterskel aktivitet med musikk og bevegelse

 

Smilepuls

Smilepuls er ulike lågterskel treningsøkter som kombinerer kondisjon og styrke:

  • styrke- og balansetrening
  • bevegeligheit og avspenning

 

Du får kombinerer kondisjon og styrke. Det handlar ikkje om å blodsmak i munnen, men om å bevege seg og kjenne treningsglede. Pulsnivået er akkurat passe høgt til at du framleis kan smile.

Øktene kombinerer styrke, balansetrening, bevegeligheit og avspenning

Tidspunkt:

Fast kvar måndag kl.12:00. Det er gratis å delta og du treng ikkje å melde deg på.

Passar for:

Alle som ønsker å kome i betre form på ein uformell og motiverande måte. Øvingane innheheld ingen hopp eller avanserte øvingar. 

Balansegruppe

Balansegruppa har oppstart kvart halvår, vår og haust. Treninga blir leda av fysioterapeut, og aktuelle deltakarar kallast inn til kartlegging og målsamtale. Lurer du på om balansegruppa kan vere noko for deg? Les meir om balansegruppa på sidene til Svingen.

Tilbodet på Svingen er stadig i utvikling ,og aktivitetane kan endre seg over tid. Følg med på Svingen sine sider for oppdatert informasjon om kurs, aktivitetar og påmelding.