Gi innspel til kommunedelplan for naturmangfald

Du kan fortsatt kome med innspel til kommunedelplan for naturmangfald! 

Torsdag 29. oktober kl. 18.00 var det innspelsmøte for kommunedelplan for naturmangfald på rådhuset.

Herøy kommune har fått tilskot frå Miljødirektoratet til å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald. Planen gjeld naturen i heile kommunen, både i sjø og på land. Runde Forsking og Asplan Viak AS utarbeider planen på oppdrag frå kommunen. På møtet blei dei førebelse funna lagt fram. 

Målet med planen er å synleggjere naturmangfaldet og verdiane i Herøy, auke medvitet om påverknader og truslar mot naturmangfaldet, og bidra til ei meir robust og berekraftig forvaltning.  

No treng vi lokalkunnskapen din. Vi treng innspel på kvar det finst verdifull natur og naturmangfald, kva som truar naturen og kva vi kan gjere for ta vare på naturen i framtida. Alle er velkomne til å sende inn innspel: innbyggjarar, lag og organisasjonar, næringsliv og andre interesserte. 

Du kan gi DIGITALT INNSPEL ved å trykkje på knappen. Vi ønskjer også innspel om du ser feil eller manglar i utkastet til planen.

 

Her kan du lese Utkast til planen (PDF, 9 MB) 

Og her kan du sjå ein foreløpig versjon av Kartløysinga