Gjer fjøra reinare - Herøy kommune

Gjer fjøra reinare

Lokale lag, foreiningar og skuleklassar kan no søkje motivasjonsmidlar for å rydde marint avfall langs strandlinja. 

Handa til ein person som rydder i fjøra - Klikk for stort bileteStrandrydding Andrea Sæverud/SSR

Ordninga kjem frå Sunnmøre Friluftsråd og målet er å fjerne mest mogleg søppel frå kysten vår samstundes som barn og unge får ei enkel og nyttig inntektsmoglegheit.

Våren er ein særleg god ryddeperiode: Når vegetasjonen enno er låg, er det mykje lettare å få auge på plast, tauverk og anna avfall som elles forsvinn inn i gras og buskar.

Lag og klassar får 250 kroner per person per aksjon. Ryddinga skal omfatte eigarløst marint avfall. 

Kven kan søkje?

  • Skuleklassar
  • Lag og foreiningar knytt til barn og unge
  • Andre grupper som ønskjer å bidra til ein reinare kystnatur

 

Slik søkjer du:

Søknaden sende digitalt til Sunnmøre Friluftsråd.

Her finn de også all praktisk informasjon om korleis dykk går fram, kva som blir godkjent, kvar avfallet skal leverast og kva slags område som er aktuelle å rydde. 

Dette får lokalsamfunnet igjen

  • Ei enkel inntektskjelde for lokale barn- og ungdomsgrupper
  • Reinare fjøreområde i Herøy
  • Auka kunnskap om havmiljø og forsøpling
  • Mindre avfall i naturen og betre trivsel for alle

 

Har du spørsmål til ordninga?

Kontaktinformasjon og meir detaljar finn de hos Sunnmøre Friluftsråd på friluftsraadet.no, eller på e‑post: post@friluftsraadet.no.

På SSR sine nettsider er det informasjon om ryddeaksjonar.