Gratis støttekonsert avsluttar aksjonshelga

Aksjonshelga held fram søndag 18.oktober med gratis støttekonsert i Fosnavåg konserthus.

Mikrofon - Klikk for stort bileteMikrofon Pexels.com

Før konserten inviterer Thon Hotel Fosnavåg til kaffi, vaflar og kaker i hotellobbyen frå klokka 12.30. Inntektene frå serveringa går til TV-aksjonen.

Konserten startar klokka 14.00 og byr på eit variert program med musikk, dans og kulturinnslag frå lokale artistar og grupper. Publikum kan mellom anna oppleve Runde Blandakor, Suel, Ester og Fred, Herøybelgen Trekkspelklubb, Kulturskulen, filippinsk dans og thailandsk dans, i tillegg til fleire andre artistar og innslag.

Ordførar Tine Storøy oppmodar folk til å ta turen:

– Konserten blir ei flott avslutning på aksjonshelga. Vi får oppleve både musikk, dans og kulturuttrykk frå ulike miljø i kommunen. Det er ein fin måte å samle folk på og samtidig støtte ei viktig sak, seier ho.

Med familieløp, pop-up-kafé, lesestund, frivillig innsats og støttekonsert viser Herøy nok ein gong eit sterkt engasjement for TV-aksjonen og for fellesskapet.

 

logo Olympic kulturfond - Klikk for stort bilete Olympic kulturfond

Alle innsamla midlar går til TV-aksjonen. Konserten er støtta av Olympic Kulturfond.

 

Slik kan du bidra

Dersom du ikkje har høve til å delta på arrangementa, kan du likevel støtte TV-aksjonen.

I Herøy skjer innsamlinga digitalt gjennom Vipps til 2133 eller til bankkonto 8380.08.09005.

Kvar krone er med på å gi menneske på flukt ein tryggare kvardag og håp for framtida.

Flyktninghjelpen-Gi ein trygg stad å sove - Klikk for stort bilete Flyktninghjelpen