Gratis transport til Svingen – no med ny 9-setar!

Svingen tilbyr gratis transport for alle som ønskjer å delta i aktivitetar, sosialt samvær eller berre besøke kafeen vår. No tek vi i bruk ein 9-setar som gir meir fleksibel transport for deltakarane våre enn tidlegare.

Sjåfør svingen - Klikk for stort bilete Monica Torvik Stokset

Kven kan få transport?

Tilbodet er ope for alle som ønskjer å kome til Svingen, og som bur i Herøy kommune. Når du melder deg på, får du nærare beskjed om tid og hentestad der du bur.

Køyreruter

Vi følger same ruteopplegg som før:

  • Tysdag: Ytre Herøy
  • Onsdag: Indre Herøy
  • Torsdag: Ytre Herøy

Praktisk informasjon

  • Henting skjer mellom kl. 10.00 og 11.00, avhengig av rute og stoppestad.
  • Retur frå Svingen er ca. kl. 15.00.
  • Det er no 9 plassar i bilen.
  • Du kan delta på alle aktivitetane ved Svingen, og kjøpe både lunsj og middag i kafeen vår.

Påmelding

Meld deg på innan kl. 14.00 dagen før ved å ringe eller sende SMS til Svingen på telefon 90 59 01 35