Gratis vinterferieleir for ungdom – Sykkylven 2026

Er du klar for ei vinterferieoppleving utanom det vanlege? Friluftsrådet i samarbeid med fleire arrangerer gratis vinterferieleir ved Nysætervatnet i Sykkylven frå tysdag 17. februar til laurdag 21. februar 2026. Leiren er for ungdom som går på ungdomsskulen.

Det er begrensa tal plassar, så meld deg på så snart som mogleg!

Ungdom med ski på i ein ring. - Klikk for stort bilete Foto Christer Lundberg Nes, Friluftsrådet.jpg

Kva skjer på leiren?

Det blir fire dagar med kjekke og varierte vinteraktivitetar:

  • Ski, aking og truger
  • Snøborger og «capture the flag»
  • Moglegheit for ein dag i skisenteret med slalom og andre aktivitetar

Overnatting skjer i hytter på Orreneset, med ein leiar på kvar hytte. Alle måltid er inkludert.

Alt er gratis

Leiren inkluderer:

  • Reise tur/retur med eigen turbuss
  • Overnatting og mat
  • Alle aktivitetar og eventuelt heiskort

Du treng berre vinterklede. Har du ski eller anna utstyr, ta det gjerne med!
For dei som ikkje har eige utstyr, samarbeider vi med Skattekammeret og BUA for utlån. Du oppgir behov for utstyr i påmeldinga.

Transport

Det blir sett opp eigen turbuss med rute: Ørsta – Volda – Ulsteinvik – Hareid – Mauseidvåg – Moa – Sykkylven – Orreneset.
Tidspunkt for avreise og retur blir sendt til dei påmeldte.

 

Påmelding

Påmeldingsfrist: søndag 11. januar 2026

Meir informasjon og lenke til påmelding.