Kven tildeler prisen?
Kommunen har utarbeida ein kommunikasjonsstategi. I denne står det at prisen skal delast ut til nokon som har utmerka seg anten med internkommunikasjon eller eksternkommunikasjon. Helst begge deler.
Tilsette i Herøy kommune kan kome med framlegg til kandidat. Saman med kommunedirektøren, Trond Arne Rossi Aglen, avgjer ein kven som får prisen.
Kvifor fekk Monica prisen?
Monica Torvik Stokset vart nominert til prisen av ein tilsett i kommunen. I grunngjevinga for prisen (diplomet) stod dette:
«Kommunikasjonsprisen for 2025 går til ein person i ei ny teneste. Det er ei teneste som jobbar aktivt for at innbyggarane skal ha eitvariert og godt tilbod. Sidan oppstart har det vore fokus på å kommunisere ut kva dette nye, flotte tilbodet inneberer. Svingen har vore synleg og har jobba godt med å kommunisere ut potensiale. Kommuniksjon er gjort til ein integrert del av tenesta.
Utfordringa har vore tatt på strak arm. Det har vore gode og enkle tekstar med fokus på kva som er viktig for mottakar av bodskap - og har bidratt til å bygge opp ein heilt ny kommunikasjonskanal gjennom eigne facebooksider. I tillegg er tilrettelegging av informasjon på nettsida til kommunen, både nyhende og oppdatering av tilbodet ved Svingen.
Informasjon blir jamleg oppdatert, og mangfaldet av tilbod blir presentert på ein enkel og oversiktleg måte, med gode bilete som fenger lesaren.
Personen som får prisen er lydhøyr for behov og tilpassar tenesta og informasjonen i god samskapings-ånd.
Både tekstar, bilete, logo og innhald på sida viser høg grad av kompetanse om kommunikasjon og forståing for lesarane sine behov. Plattformene er bygd opp på kort tid - på ein trygg og tillitsvekkande måte.
Prisvinnaren samarbeider godt med kommunikasjonsavdelinga og tar stadig gode initiativ. Vi ser at vinnaren også er bevisst på å samkøyre seg internt når noko skal kommuniserast.
Prisvinnaren har tenkt strategisk og er ute med informasjon til rett tid. Det vert gjort som vi har sagt skal gjerast i kommunen: bruke kommunikasjon som eit verktøy til å få gjort jobben.
Kommunikasjonsprisen for 2025 går til Monica Torvik Stokset.»
Sjølve diplomet Monica fekk kan du sjå ved Svingen. Velkomen innom!
Wenche Moltu
Omvising på Svingen
Det vart ei flott omvising i dei flotte lokala ved Svingen og sanserommert vart prøvd. I bildegalleriet kan du sjå nokre av roma ved Svingen.
Vi gratulerer Monica Torvik Stokset og Svingen med kommunikasjonsprisen!