Har du barn eller ungdom med autismespekterforstyrrelse?

I oktober startar psykisk helse og rus i Herøy opp med Glennes foreldreprogram - eit 
gruppebasert veiledningstilbod for foreldre som har barn med autismespekterforstyrring,
eller som er under utgreeing for autisme.

Glennes foreldrekurs F.v: Sunniva B. Karlsen og Janicke Bringsvor - Klikk for stort bileteF.v: Sunniva B. Karlsen og Janicke Bringsvor Anniken Kessler-Myking

Veiledninga vil foregå kvar måndag frå kl 09.00-11.30, totalt 12 gongar.
Glennes foreldreprogram handlar først og fremst om deg som forelder og samhandlinga
mellom deg og barnet ditt.
 

Å vere forelder til eit barn med autisme kan gi ein kvardag med både glede, utfordringar og
situasjonar som kan vere krevjande å forstå og handtere. Programmetskal gi foreldre
konkrete verktøy og strategiar som kan brukast i kvardagen, og støtte foreldra i å skape
gode samspel og legge til rette for utvikling og sjølvstende hos barnet.
 

Gjennom programmet arbeider ein mellom anna med:

  •  positiv samhandling og å bygge ein god relasjon til barnet
  •  korleis ein kan legge til rette for læring og utvikling
  •  å fremje sjølvstende
  •  gode beskjedar, ros og oppmuntring
  •  å førebygge og handtere utfordrande situasjonar
  •  grensesetting og krav tilpassa barnet
  •  refleksjon rundt eigne erfaringar og situasjonar i kvardagen


Det blir lagt opp til fagleg innhald, samtalar og refleksjon i gruppe, praktiske oppgåver og
heimeoppgåver. Programmet er autismespesifikt, men fokuserer på foreldrerolla,
samhandling og kva du som forelder kan gjere for å få ein betre og meir føreseieleg kvardag
saman med barnet ditt.

Er du interessert i å delta på Glennes foreldreveiledning eller har spørsmål kan du ta kontakt
med Janicke eller Sunniva på tlf 48248945 eller 95063260
Planlagt oppstart for kurs; Måndag 19.oktober klokka 09.00-11.30
Lokasjon Svingen.