Adobe Stock
I Herøy har vi mange flinke arrangørar som tek på seg eit stort ansvar. Dei må oppfylle ei rekkje krav og regelverk for at brannsikkerheita for dei som er til stades vert ivareteken. Difor er det utarbeida ein vegleiar for sikkerheit ved store arrangement med ei innføring i krav og regelverk.
Er du usikker på om arrangementet er stort?
Eit stort arrangement er eit arrangement i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje vert nytta til slikt føremål.
Er du enno i tvil kan du ta direkte kontakt med Herøy brann og redning.
Slike arrangement er meldepliktige jfr. Brann- og eksplosjonsvernloven av 2002, § 7.
Stort arrangement melder du inn i dette skjemaet, lukke til med arrangementet