Har du verdifulle arkiv liggjande på loft eller i kjellar?

Ta kontakt om du har arkiv som du ønskjer skal bli tatt vare på for ettertida.

Ei dame som held ein del gamle bøker. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Herøy kommune er medlem av privatarkivordninga ved Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (IKAMR). Vi har til no deponert 55 privatarkiv frå Herøy.

Du finn oversikt over privatarkiva frå Herøy i Arkivportalen.

Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste der ein finn opplysningar om kva historiske arkiv som er bevarte i Noreg.
På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Private arkiv

Private arkiv er skapte av enkeltpersonar, foreiningar, organisasjonar eller bedrifter, det vil seie dokumentasjon frå ikkje-offentleg verksemd.

Det å bevare og tilgjengeleggjere private arkiv er viktig for at samfunnsdokumentasjonen skal vere heilskapleg.

Ved IKAMR vert privatarkiva ordna og registrerte, oppbevarte etter forskrift og informasjon om arkiva publisert på Arkivportalen.

Ta kontakt

Har du privatarkiv som du er usikker på om kan sendast til IKAMR? Eller har du arkiv som du ønskjer skal bli tatt vare på for ettertida?

Ta kontakt med oss!

Kontaktperson: konsulent Hilde Bringsvor Skinnes